12 prov

Young man reading the Holy Koran

Av  Martin A. Engeset, fyste formann for Mensa Norge med mangeårig interesse for koranen.  


Koranen og Islam påstår båe utan prov at Koranen er kopi av «Moderboka» i Himmelen, høgt respektert av Allah og englane, og nedsend av Allah til Muhammed ved inspirasjon og via engelen Gabriel. Den er guden sine eksakte ord og difor ufeilbarleg og feilfri - så feilfri at perfeksjonen er prov for at boka er guden sine ord (td. vers 4/82). Men:

 1. Koranen inneheld utrulege 1750+ faktafeil og 350+ andre ikkje-religiøse feil. Evt. religiøse feil kjem i tillegg. Ingen allvetande gud gjer mengder av feil i si «heilage» bok.

 2. Mange av feila er så grove, at kvar av dei eller nokre få i lag er sjølvstendige prov for at Koranen ikkje er orda til ein gud. Td. verdsbiletet: 7 materielle himmelkvelvar kviler på Jorda med usynlege søyler. Stjernene er feste til den nedste himmelen - under månen - og nytta som stjerneskot for å jaga bort jinnar og vonde ånder som vil spionera på himlane. Under himlane er det 7 (flate) Jorder (namngjevne i Hadit), med Helvete nedst. Elvane Nilen og Eufrat startar i himlane. Ingen gud treng låna gamal, feilaktig gresk og persisk astronomi og litt til, i  samsvar med kva ein trudde var kunnskap på Muhammed si tid i Arabia.

 3. Koranen inneheld 300+ interne sjølvmotseiingar (og fleire eksterne). Ingen allvetande gud har så dårleg oversyn, at han motseier seg sjølv hundrevis av gongar. 2400+ feil allereie.

Les også: - Det er mer vold i Bibelen enn i Koranen


 4. Koranen har 650+ punkt der teksta er så uklar, at Islam enno i dag ikkje sikkert veit kva som er meint. Ingen allvetande gud er så omtåka, at han ikkje greier å uttrykka seg heilt eintydig, og spesielt ikkje i noko så viktig som ei påstått heilag bok.

Martin A. Engeset

 5. Koranen inneheld mykje «bibelsk» stoff, men den tok slikt frå legender, etc., ikkje frå Bibelen (vitskapen kjenner dei fleste kjeldene). Dermed avvik Koranen sine «bibelske» punkt frå kva Bibelen verkeleg seier, på over 1500 stadar. Muhammed forklara alle slike feil med den aldri prova påstanden at årsaka var at Bibelen var forfalska, og at han hadde rette tekster. Men vitskapen kjenner 13.000 skrift eller fragment frå Bibelen og 32.000 andre med sitat frå/referanse til Bibelen, alle eldre enn 610 e.Kr. (då Muhammed starta misjonering). I tillegg har ein minst 5000 så gamle spor frå arkeologi, byggverk, kunst, etc. Tekstene er alle dei same som ein finn i Bibelen i dag - den same som på Muhammed si tid. Altså har dei gamle skriftene ikkje blitt forfalska. (Godt prov: Hadde ei einaste prova  forfalsking blitt oppdaga, hadde Islam ROPA om det.) Ingen allvetande gud kjenner Bibelen så dårleg, at han feilsiterar 1500+ gongar.

Les også: Koranens mange meininger

 6. Qumranrullane inneheld store delar av Gamle Testamentet, frå 150-50 f.Kr. - dei same tekstene Jesus las frå i synnagogene og Tempelet. Hadde tekstene vore forfalska, hadde ein profet så sentral  som Jesus er også i Islam, sagt ettertrykkeleg ifrå. Det gjorde han ikkje. Altså må evt. forfalskingar ha skjedd etter Jesu død i år 33. Men fleire av dei 50.000 spora nemnde i pkt. 5 er eldre enn også år 33 = ingen forfalskingar mogeleg. Og for perioden 33 - 610 e.Kr. har ein så mange kjelder, at det er forgjeves å hevda forfalskingane skjedde då. Einkvar allvitande gud hadde visst dette. Det er heller aldri forklara korleis titusenvis av skrift, innkludert sitat i brev, handelskorrespondanse, bibelord  hogde i stein, etc ,  spreidde over 3  kontinent, alle kunne finnast og identisk forfalskast, og det så dyktig at moderne vitskap ikkje ser forfalskingane.

 7.  Jesus var iflg. Koranen truande muslim. Men det finnest flust med skriftlege og andre kjelder frå Jesu tid, og dei provar at jødane, og dermed Jesus, sin religion også då var den jødiske.

 8. Koranen hevdar å vera den originale religionen på Jorda frå Adam og Abraham og opp, og over heile Jorda - absolutt alle samfunn på Jorda til alle tider før Muhammed, hadde profetar som forkynte Islam. Men religionen vart forfalska av slemme personar til jødedom, kristendom og alle slag heidne religionar. Men vitskapen kjenner som nemnt minst 50.000 spor etter jøde- og kristendom, og like mange etter andre religionar verda over, alle eldre enn år 610 e.Kr. Men det eksisterar ikke eit einaste spor etter islam, ein gud som den muslimske Allah eller ei bok ala koranen eldre enn 610  = heller ikkje denne sentrale påstanden i Islam er sann. 100.000 : 0 er eit prov av matematisk styrke. Også dette hadde einkvar allvetande gud visst.

9. Innveve i prov 8 er og historia: Skriftleg historie går tilbake til 3300-3200 f.Kr., og har ikkje eit einaste ord relevant til Islam eldre enn 610 e.Kr. i nokon del av verda. Så skriftleg historie provar at og den sentrale islamske påstanden om å vera den opprinnelege religionen i verda, er usann, og at det ikkje er sant at Islam er eldre enn 610 e.Kr. - noko einkvar allvetande gud hadde visst. Som sagt: 100.000 : 0 er eit handfast prov.

10. Fleire av punkta i Koranen er fysisk umogelege. Td. er predestinasjonen - eit meget sentralt punkt i Koranen - umogeleg, dersom mennesket (eller dyr) har om enn berre  litt eigen vilje, slik Koranen påstår. Predestinasjon var viktig for Muhammed for å gjera muslimar uredde i kamp - dei døyr ikkje før Allah har bestemt, men på det tidspunktet døyr dei antan dei sår korn eller tek del i overfall eller slag. Men han trengde og fri vilje for mennesket, for elles er Allah
urettferdig dersom han straffar eller løner nokon for slikt han har predestinert - tvinga - dei til å gjera. Islam er ikkje i stand til å forklara sjølvmotseiinga, men påstår tafatt at båe delar må vera sant, avdi det står i Koranen. Einkvar allvetande gud hadde visst at dersom to påstandar utelukkar kvarandre, kan maksimum den eine vera sann - i den immaterielle verda er det eit og anna som er umogeleg sjølv for ein allmektig gud. (Også bøna kjem i klemme i Islam her. Allah har predestinert alt i livet ditt allereie før du er fødd, innkludert når du skal døy (og om du skal enda i Paradis eller Helvete iflg. Hadith). Alt
dette har han predestinert i samsvar med sin guddomeleg Plan «ingen og ingenting» kan endra. Men dersom «ingen og ingenting» kan endra kva som skal skje, kan heller ikkje bøner endra noko.)

stand with Quran and rosary
Licensed from: discovery / yayimages.com


11. Boka «Muhammad Lying in the Quran» listar opp 100 punkt der Muhammed (Allah?) klart eller beviseleg lyg i Koranen. (Td. vart Ramses II sine trollmenn brått truande muslimar (2000 år før Muhammed) pga. små mirakel Moses gjorde. Seinare forklarar Muhammed at årsaka til at Allah ikkje provar seg sjølv ved å gjera mirakel, er at mirakel ikkje vil få nokon til å tru likevel.) Ingen allvetande og allmektig gud treng lyga i si «heilage» bok. Dette så mykje desto meir som han måtte veta at løgnene ville bli oppdaga til slutt, og han missa tiltru. (Dei nemnde listene er ikkje fullstendige, men nermar seg likevel 5000 feil, etc. Er det og religiøse feil i boka, kan det gjenomsnitt lett vera 1 feil for kvart av dei vel 6000 versa i Koranen - på toppen av at den literært sett ikkje er godt oppbygd, med td. mange gjentakingar, tilfelle av sviktande logikk, etc. Det er bakvasking av og blasfemi mot ein gud å skulda han for høgrespekt for eller eller levering av slik kvalitet.)

12. Som nemnt i prov 10, er predestinasjon sentral i Koranen. Men det er meget enkelt å prova at det ikkje er sant. Td. er det lett å prova statistisk at dersom du pløger åker i staden for å delta i eit slag, er det langt større sjanse for at du er i live neste dag. (Og om du likevel fall død om på åkeren, ville det faktum at du døyde ein annan stad, skipla Allah sine predestinasjonar - hans guddomelege Plan om framtida.Kaoslovene er ubøyelege der.)

Einaste mogelege konklusjon: Det er ikkje sant at Koranen er ein gud sine eksakte ord. (Altså vil det td. neppe stå eit kongeleg, jordlikt luksusliv, tenarar og villege sexslavinner og venta ein død krigar eller terrorist på "den andre sida".) Islam er heller ikkje i stand til å fortelja kva for ein av dei 24 til dels avvikande variantane av Koranen godkjende av Islam (6 er i dagleg bruk i dag), i tilfelle er den som har Allah sine ord rett.

I og med ingen gud leverar ei bok av ein kvalitet og så full av feil som Koranen, er det berre 3 mogelege forfattarar:
1. Mørke makter - td. utkledde som Gabriel (Muhammed ville ikkje kunne sjå skilnaden).
2. Ei sjuk hjerne. Medisinsk vetskap mistenker Muhammed hadde TLE - ein hjernesjukdom som kan gje slike religiøse «opplevingar» og «inspirasjonar» det er sagt Muhammad hadde.
3. Ei kald hjerne.

Eller ein kombinasjon av 2 eller 3 av desse. (Personleg trur eg ikkje på pkt. 1. Sjølv ikkje ein djevel på jakt etter offer, ville levera ein kvalitet som Koranen - han måtte veta at feila, etc. ville bli oppdaga og boka missa tiltru -  om han då ikkje var klar over at truande trur det dei har lyst til å tru og fedrene påstår (taqlid på arabisk), og blås i fakta som provar noko anna.)

hits