hits

Komiske Gunnar

kommentarer
Gunnar Stavrum. Foto: Paul Weaver/NA Bilder

Av Rune Hegrenes, Førde Senterparti

Gunnar Stavrum synest visst det er ei komisk frykt for større regionar ute å går. Eg syns det er litt komisk at han Gunnar ikkje skjønar kvifor vi ikkje syns dette er ein god idé. Eigentleg mistenkjer eg han for å tulle med oss, slik at vi skal hisse oss opp. Men den går ikkje vi på. Eg er trass alt sunnfjording så det kan ta litt tid før det skjer. Ein skal ha omsut for dei som ikkje forstår, og i staden prøve å forklare. Omsut er forresten det same som omsorg på sidemål.

Han siktar i innlegget sitt til samanslåinga av Troms og Finnmark. Eit vesentleg moment han Gunnar ikkje har tenkt på i si utgreiing er geografi. Eg trudde alle viste at avstandar i Nord-Noreg ikkje er som andre avstandar. Dei er nemleg mykje større. «Nett so i Amerika», som bestefaren min brukte å sei. Eg trur i alle fall han sa det. Skal du køyre frå Harstad til Kirkenes, på norske vegar, så er det ein biltur på om lag 1125 km. Gule Sider seier det kjem til å ta deg 15 timar, og dei har nok greie på slikt. Men eg reknar med at det gjeld om sommaren. Til samanlikning så er det om lag like langt som frå Oslo til Rognan. Du veit der Marit Bjørgen kjem frå. Ikkje så veldig langt frå Bodø. Forresten - det betyr kanskje at vi treng berre to regionar i Noreg! Ein der oppe og så oss andre i ein. Sånn avstandsmessig så skulle det gå greitt. Neidå eg berre tullar. Det går jo sjølvsagt ikkje.

Les også: Stavrum sparker i alle retninger om Senterpartiet

Du kan sjølvsagt spare eit par hundre kilometer og eit par timar, ved å køyre via Sverige og Finland. Men poenget med å køyre på dei norske vegane er at det er ei av oppgåvene fylkeskommunen har. Altså ikkje å køyre på dei, men å ta vare på dei. Ein skal ha kunnskap om alle desse vegane for å gjere dei rette prioriteringane. Det trur eg du kan vere einig i Gunnar. All kunnskap er viktig. Spesielt lokalkunnskap.

Han Gunnar klagar på at det er staten, stakkars, som må betale for gildet. Men kven er staten? I følgje «Solkongen», Ludvig XIV, så var det han som var staten. Men det er så lenge sidan at det kan vi ikkje halde oss til lenger. Eg har ikkje hørt Kong Harald seie noko tilsvarande. Mulig Erna har sagt det ein sein laurdagskveld, men eg veit sjølvsagt ikkje. Eg meiner det er vi som er staten. Alle oss som betalar skatt. Med glede til og med, har eg hørt nokon seie. Det inkluderar alle dei som bur på ein stad med færre naboar enn du Gunnar. Ikkje at eg veit kvar du bur, men eg reknar med at det ikkje er på bygda.

Han Gunnar dreg òg fram at det er Oslo som betalar mest i skatt, og konklusjonen er då at Oslo sponsar bygda. Vel - eg reknar med at skatten eg betalar vert brukt til ting eg ikkje nyttar meg av. Eg håpar sjølvsagt ikkje at eg hamnar på sjukehus, men eg vil gjerne at dei er der vist behovet skulle melde seg. Det er uansett alltid nokon som treng dei. Barnehagar treng eg ikkje heller lengre, men eg syns kanskje det vert litt urimeleg å legge dei ned fordi. Det finst andre som treng dei. Slik kunne eg sjølvsagt halde på med mykje lengre, men syns ikkje det er nødvendig. Du skjønar sikkert poenget.

Rune Hegrenes

Han Gunnar er òg misnøgd med at det er misnøye i distrikta, og etterlys ein politikar som torer å seie ²flytt til byen, vist det er så ille å bo på landet». Det er kanskje ein grunn til at ingen har sagt det. Eg håpar det er fordi politikarar flest skjønar at vi faktisk treng distrikta. Det er no ein gong slik at det blir produsert litt forskjellig her ute. Ting og tang som byane gjerne treng.

I eit tidlegare innlegg meinte han Gunnar at det er i storbyane dei store verdiane vert skapt. Dette utifrå i sjå på BNP. Kva skal ein sei til slikt? Det er freistande å sitere Benjamin Disraeli: «Løgn, forbanna løgn og statistikk». Men det skal eg ikkje gjere. La det no for ein gong vere klart - eg har ikkje hørt nokon i Senterpartiet seie at vi ikkje skal ha storbyar. Spesielt ikkje i Oslo Senterparti. Sjølvsagt skal vi det. Men vi kan ikkje bu der alle. Det er forresten ikkje alle som ynskjer det. Tru det eller ei, men det er heilt sant. Eg tullar ikkje no altså.

Sjølvsagt vert det produsert verdiar i storbyane. Det er jo der dei alle dei store konserna har sine hovudkontor. Ein kan sjølvsagt diskutere kor vidt oljen er i distrikta eller ikkje, men i storbyane er den i alle fall ikkje. Hovudkontora derimot. Elles held de nok heilt sikkert på med mykje fornuftig der inne. Men det gjer vi og. Det er for eksempel ein heil del som lagar mat. I følgje statistikken bidreg det minimalt til den totale økonomiske verdiskapinga. Kanskje det, men eg vil mykje heller ete potet, enn aksjebrev. Trur ikkje det er bra for magen i lengda å ete pengar og slikt.

Dersom du Gunnar les dette, så trur eg kanskje eg veit kva du tenkjer akkurat no. Du tenkjer sikkert at maten, den kan vi kjøpe billegare frå utlandet. Kanskje det. Visst dei vil selje den då. Det vil dei sikkert akkurat no. Men kva om/når det skjer noko uventa der ute. Noko som gjer at dei treng maten sin sjølv. I ei verd med trusselen om store klimaendringar hengande over oss er ikkje det så veldig utenkjeleg. I 2009 steig prisen på Robusta-kaffi til det høgste nivået på 10 år fordi det var ein tyfon på vei mot Vietnam. I løpet av første kvartal 2014 steig kaffiprisen med over 80 prosent fordi det var tørke i Brasil. Kaffi er gjerne ikkje livsnødvendig, men den er no veldig god å ha. Poenget er at ein annan gong kan det gjelde ei mykje viktigare matvare.

Ein annan ting som er heilt sikkert er at utlandet produserer ikkje maten i storbyane sine dei heller. Eg har rett nok ikkje vore å sjekka alle, men eg har no vore i eit par av dei. Eg såg ikkje kornåkrar, mjølkekyr eller frukthagar nokon stad. Muligens eit par sauer, men det var litt seint på kvelden akkurat då, så eg er ikkje heilt sikker.

Det er heller ikkje slik at vi kan slutte å produsere mat no, for så å ta det opp att den dagen utlandet ikkje har noko til sals. Då er det den viktige kunnskapen forsvunnen. Det tar i tillegg mange år å erstatte tapt matjord. Så må vi for all del ikkje gløyme den reine maten vi lagar. Ingen brukar mindre antibiotika enn den norske bonden. Og så all fisken. Den har dei mykje av der oppe i nord har eg hørt.

No tenkjer sikkert du Gunnar, vist du les dette, at det er på tide å ro land dette innlegget. Det tenkjer eg og. Poenget er at det er mange faktorar som spelar inn når ein skal ta slike avgjersler. Ein kan ikkje berre konkludere utifrå tal hovud, og kva som gjev mest mogleg økonomisk avkastning. Sjølv om det kan vere freistande. Av og til kan det vere vanskeleg å sjå heilheita. Men konklusjonen er at vi treng heile landet. Vi må organisere oss på ein slik måte at ein får ein best mogleg forvalting av nettopp heile landet. Det betyr at ein må ta omsyn til blant anna geografi. Eg la merke til at du i innlegget ditt hadde med den gamle plakaten til Arbeidarpartiet der det står «By og land, hand i hand». Slagordet er kanskje gammalt, med held seg godt. Det er faktisk viktigare enn nokon gong.