hits

Stavrum sparker i alle retninger om Senterpartiet

kommentarer
Nettavisens sjefredaktør Gunnar Stavrum. Foto: Paul Weaver/NA bilder

Av Rune Hegrenes, sitter i bystyret i Førde for Senterpartiet og var delegat fra Sogn og Fjordane under Sps landsmøte

Gunnar Stavrum samanliknar Trygve Slagsvold Vedum med Karius som fantaserer så heftig at jordnære Baktus til slutt bryt ut: «Åh, du drømmer du, Karius». Det kan virke som det er lenge sidan Stavrum var barn. Han burde nok sett litt vidare i denne eminente historia før han kom med denne analogien. For vi som veit betre veit at det Karius fantaserer om er eit betre liv på ein meir sentral stad. Det går som det måtte gå. Graset er ikkje alltid grønare på andre sida av gjerdet. Svært sjeldan er det grønare i byane enn på bygda. Karius må til slutt rømme tilbake til der han kom i frå.

Stavrum sparkar i alle retningar i sitt innlegg, og det er freistande å svare på alt. Men skal ein svare så grundig at sjølv Gunnar forstår, vert dette innlegget så langt at ingen gidd å lese det. Men alle fortener å lære litt meir.

«Når Senterpartiet tror at dagens kriminalitet bekjempes med politifolk som kan litt om alt (generalister) og som patruljerer på torget i Løten, så er det drømmerier. Et tynt bemannet lensmannskontor er til liten hjelp når kontoen din er tappet ved internettsvindel.»

Dette vert som å sei at vi treng ikkje allmennlegar, for dei kan ikkje operere deg om du skulle få eit massivt hjarteinfarkt eller treng å få fjerna ein kreftsvulst. Det er sjølvsagt ingen som forventar at fastlegen skal kunne fikse absolutt alt. Men det er som regel den ein møter først når ein ikkje føler seg heilt topp, og eg er trygg på at dei veit kvar eg burde sendast vidare om det skulle vere behov for det. Eg har aldri høyrt nokon (i Senterpartiet) seie at alle politifolk skal kunne ordne opp i alt, slik som i Kardemommeby. Men alle fortener førstelinjehjelp når behovet er der. Der dei bur - enten det vere seg Oslo eller Vesterålen (Les gjerne Jenny Klinge sitt innspel)

Vidare i innlegget etterlyser han Gunnar lønnsame arbeidsplassar i distrikta. Det skortar ikkje på lønnsame moglegheiter i distrikta. Ein kjem aldri til å kunne flytte oljebransjen til Oslo. Heller ikkje kraftproduksjonen, matproduksjonen, oppdrettsnæringa, fiskerinæringa, reindrift, skogdrift, osv, osv, osv.

Rune Hegrenes

Eg trur gjerne det skortar litt på definisjonen av lønnsamt. Kva er lønnsamt?

Vert offentleg arbeidsplassar meir lønnsame av å ligge i Oslo? Er det ikkje lønnsamt å produsere mat her i landet fordi bøndene treng økonomisk støtte? Er det forresten slik at bønder i andre land ikkje får økonomisk støtte? Og korleis er det med andre næringar her på berget - kor mykje støtte får Den Norske Opera & Ballett i Oslo? Kor mykje støtte får journalistane? Er det strengt tatt lønnsamt nok å drive Nettavisen? Kanskje vi heller skulle lese store utanlandske aviser? Nei, det siste der vart litt teit ? det skal eg vere den første til å innrømme. Sikkert er det at vi treng både journalistar og bønder her heime.

Les også: Senterpartiet med nok en brakmåling

No er det slett ikkje slik at eg meiner at vi ikkje treng storbyane. Sjølvsagt gjer vi det. Poenget mitt er at storbyane òg treng distrikta. Eg er sikker på at han Gunnar vil ha straum til pc'en sin og besin/diesel/straum til bilen. Ha mat i kjøleskapet og vere trygg på at dersom ei krise skulle oppstå så har vi mat nok her heime til at vi skal greie oss.

I forkant av stortingsvalet for 84 år sidan hadde Arbeiderpartiet følgjande slagord:

«Hele folket i arbeid. By og land hand i hand»

Eg trur at dette slagordet er minst like aktuelt i dag. Ein kan og legge til at Ap gjorde eit veldig godt val den gongen for 84 år sidan. Ein skal ikkje sjå vekk i frå at noko tilsvarande vil skje, men for Senterpartiet denne gongen. Sidan folk no etter kvart ser kven som har den beste politikken.