hits

Lagnadstungt val i Frankrike

Marine Le Pen, presidentkandidat for Front National. Foto: Robert Pratta/Reuters

Nei, det er ikkje slik at franskmenn gr omkring i djup angst for kva som skal skje, sjlv om landet tydelegvis er blitt eit hovudml i utviklinga av jihad mot Vesten. Og sjlv om Marine Le Pen fekk kasta ut faren Jean-Marie Le Pen, og sleis fekk avdiabolisert Front National, s kjem ho ikke til vinne valet i Frankrike - denne gong.

Det skriv professor Bjrn Kvalsvik Nicolaysen i denne bloggen. Han er ein av innleiarane p Nettavisens konferanse Islam.Innvandring.Ytringsklima onsdag 15. februar.


Nei, denne artikkelen skal ikkje handle om Marine Le Pen og den faren Front National utgjer for europeisk demokrati. Det er ingen grunn til tru at ho vil verte president i Frankrike - i denne omgangen. For seie det enkelt: For verte president, trengst det 18 millionar ryster. Etter meiningsmlingane har Marine Le Pen truleg maksimalt 11-12 millionar ryster i ryggen.

Av Bjrn Kvalsvik Nicolaysen

Javel, s kjem ho nok til verte ein av dei to som gr vidare i april til andre valomgangen i mai. Men den kjem ho ikkje sigrande ut av, same kva - d m det skje ei katastrofe med motkandidaten. Truleg vil d motkandidaten stikke av med 22-24 millionar ryster.

Difor meiner eg det er litt trist at ein her heime ikkje er meir oppteken av kva det er for politiske sprsml som str p spel i denne franske valkampen. Her har det dukka opp heilt nye, for dei fleste av oss her heime noks ukjende namn, og difor fr vi inntrykk av at det stort sett handlar om personar og personleg karisma. Vel, i viss monn er det s: Veljarane er leie og keie av dei gamle politikarane, dei ynskjer seg nye lysingar og ikkje oppatt folk som gjev lfte som dei veit vert brotne. Samstundes er der gode grunnar til at mange vallfte vil mtte verte brotne, anten kandidaten er sosialistisk eller konservativ, for den konomiske tilstanden for staten Frankrike nrmar seg, anten ein vil eller ei, det prekre. 


Velnok er arbeidslysa p veg nedover, s ein kan seie at den sosialistiske regjeringa som gr av i r, faktisk har utretta noko ? det er mogleg dei vert sitjande med 1% mindre arbeidslyse enn for halvtanna r sidan eller s, alts at talet p arbeidsledige held seg p 9,5% som no synest vere talet i fastlands-Frankrike. Det er fortrystningsfullt for mange, men her er mange usikre faktorar, likevel er det d slik at mten ein vil handtere arbeidslyse, kompetanseheving/utdanning og statlege utgifter p, faktisk vert diskutert svrt serist. 


S er sprsmlet: Kva ser dei aktuelle kandidatane som dei beste lysingane? Vel, ein kan seie at der er to problem, sett fr utlandet: For det fyrste er det ein del ynskjetenking mellom alle kandidatar om korleis dei kan f ned utgifter og auke inntekter for staten. Stort sett vil alle, Le Pen irekna, bruke meir pengar som Staten ikkje har. Franois Fillon utgjer likevel eit unnatak, med di han sterkt vil barbere utgiftssida i staten s vel som i det private nringslivet - men der eindel tiltak ikkje utan vidare vil vere utan kostnader av ulike slag gjennomfre. Difor m ein sj p diskusjonen om immigrasjon og islamisme og terror som berre ein underordna del av dei franske debattane. Nei, det er ikkje slik at franskmenn gr omkring i djup angst for kva som skal skje heretter, sjlv om folket er djupt rysta over det som har hendt, alts at landet tydelegvis er blitt eit hovudml, eller jamvel ein transit-stasjon, i utviklinga av jihad mot Vesten. 

A French soldier patrols in the courtyard of the Louvre museum in Paris, Saturday, Feb. 4, 2017. The Louvre in Paris reopened to the public Saturday morning, less than 24-hours after a machete-wielding assailant shouting
Ein fransk soldat patruljerer utanfor Louvre-museet i Paris dagen etter ein mann gjekk til tak med machete. Foto: Kamil Zihnioglu/AP

Nokre franske politikarar fylgjer ein god del franske forskarar i meine at svaret p utfordringa ligg i ein heilt ny politikk for det sosiale, irekna ogs ny utdanningspolitikk og ny forsting av medverknad - det ein meir og meir reknar som retorisk medborgarskap kringom i EU, og der dette handlar om noko som for den franske staten er temmeleg ukjend territorium: be brukarane av tenestene med inn p samrd og rdslag, og srge for f tilslutnad for tiltak som skal gjerast, p frehand. I motsetnad til kva som er det vanlege i fransk politikk; at makthavarane set i gang med det dei meiner er best, utan eigentleg involvere dei det gr ut over. Det siste har medfrt bde utmelding av det politiske og sosiale livet, og jamt strre og villare protestar over heile landet, med dei svrt mange oppreistene og valdsepisodane i fjor som eit frebels topp-punkt sidan ungdomsopptyene i 2005. 

LES PROGRAMMET FOR KONFERANSEN HER

Difor er dette valet eit lagnadsval. Difor er det viktig prve forst korleis motsetningane ser ut i fransk politikk, og kva diskusjonen om dei kan f seie frametter. Svrt mykje i fransk statleg organisering og offentleg liv er ganske forskjellig fr vre ordningar, likevel har vi nokre felles tradisjonar, s som kulturpolitikk og ogs menneskerettstenking. Eg veit at denne teksten er noko lang. Likevel har eg ikkje prvd forklre alle slag srmerke, s difor bed eg om orsaking der ikkje alle detaljar er klrlagde, det er av di det vil krevje ein heil del forklre skilnadene, s somtid glir eg litt (for) raskt over dei. 

Sosialistdilemmaet

Ils se multiplient comme des petits pains, sa franskmennene om det store talet p sosialistar som gjerne ville stille som presidentkandidatar, anten dei hadde nokon sjanse til vinne eller ei. Uttrykkjet er nrp uomsetjeleg; ein fr sj for seg kurvar i bakeriet full av rundstykke eller avlange smbrd som det kan lagast sandwichar av, men som det ogs finst mange ulike variantar av, s skjnar ein kva for eit inntrykk mengda av sosialistkandidatar gav. I fyrste valomgangen stilte sju kandidatar, det vart verande to igjen, og sndag 29.01., fekk ein i Partie Socialiste (PS) endeleg klrleik Benot Hamon slo ut Manuel Valls, statsminister til fornyleg, med 58.85% av rystene i andre runde av nominasjonsvalet. 


Eller gjorde ein eigentleg det? Sosialistpartiet har slett ikkje falle til ro. Finansminister Michel Sapin tvara sleis dagen etter at Hamon var vald til presidentkandidat, at Hamon no m ta medansvaret for det som har vore sosialistregjeringa sin politikk siste femrsperioden, og ikkje berre halde fram med kritikk av det som er gjort. Turar han fram slik, s vil han splitte, og ikkje samle, og det PS har bruk for no, er samling, ikkje splitting. D m ikkje Hamon st fram som eit symbol p ein mislukka politikk, for d kan han vere sikker p tape. 

Ein mann protesterer mot ei fransk arbeidsreform med fakkel og blomar. Foto: Jean-philippe Ksiazek7AFP


Tilsvarande har helseminister Marisol Touraine sagt, morgonen tysdag 31. januar, at dersom no sosialistane maktar samle seg til felles innsats, s treng det ikkje vere sjlvsagt at hgresida skal sigre til vren. Hamon har no ansvaret for gjere det arbeidet, og alle dei som reknar seg som progressive i PS. Det inkluderer ein god slump, fr Lille-ordfrar Martine Aubry, langt p veg ein gammaldags kraftsosialist, med ein retorikk som er retta mot den gamle arbeiderklassen,  og til grupper som ligg nr ytre venstre, og som no kanskje kan bringast attende i folden i staden for ryste p Venstrefrontens Jean-Luc Mlenchon eller anarkistane. Nokre, som Touraine, vonar at Hamon er mann for samle heile venstresida igjen, ikkje berre PS, men fleire smparti og ikkje minst f med det SV-aktige Front de Gauche. 


Problemet er at andre i PS meiner det stikk motsette. Fleire parlamentsmedlemer, sleis dei noks sentrale Christophe Caresche og Gilles Savary (sentrale fordi dei er sterke talspersonar for ei gruppe som kallar seg Ple de rformateurs innafor PS), nektar no g ut med sttte til Hamon: vilkra er ikkje til stades, meiner dei, og sterkare: framtida ligg ikkje i denne tilfeldige eventyrferda som den radikaliserte venstresida i partiet vil ha oss med p. Som ein skjnar, er dette reformistar som gjerne vil reformere PS andre vegen enn Hamon; dei vil ha strengare arbeidslover, opprydding i villnisset av sttteordningar innafor velferdsstatens rammer, ein ny bustadpolitikk osb. 


Det er mogleg desse fylgjer etter eindel andre moderate eller hgre-sosialdemokratar i PS, sleis har desse parlamentsmedlemene forkynt at dei deserterer og stttar sosialliberalaren Emmanuel Macron: Alain Calmette (representant fr Cantal), Jean-Louis Gagnare (Loire 2e), Ren Dosire (Aisne) og Marc Goua (Maine-et-Loire). Gagnare uttrykkjer nok det desse og andre opplever, nr han p heimesida si seier at det er hans faste overtyding at no kan berre Emmanuel Macron ha sjanse til bryte opp duellen mellom Republikanarpartiets Franois Fillon og Nasjonalfrontens (FN) Mariane Le Pen. 


S, det er alt klrt at Benot Hamon splittar meir enn han samlar - men det gjeld dei rynde kader i Sosialistpartiet. Derimot samlar han strre tal yngre veljarar, eg kjenner fleire som fortel at medan dei sjlve rysta Valls, har borna deira rysta Hamon. Hamon er i rikspolitisk samanheng av ein yngre garde, f. 1967, han er fdd i Saint-Renan, ytst ute i Bretagne (i Finistre, eit namn som tilsvarar Verdens ende), i ra 1976-1980 gjekk han p skule i Senegal, d foreldra arbeidde der. Sidan studerte han historie p Bretagne-universitetet. Han har vore talsmann for PS, og han har representert Aust-Frankrike i Europaparlamentet og vore statssekretr i fleire departement, men gjekk av etter eit halvt r som utdanningsminister i 2014 (april-august) av di han meinte president Hollande p den tida sa farvel til den eigentlege sosialismen. 


Breidda i bakgrunn og erfaringar er det ikkje s mykje seie p, og Hamon har nok p mange mtar tettare kontakt med fleire sjikt av det franske samfunnet enn ein vanlegvis ser av ein rikspolitikar. Retorikken hans er deretter. Profilen som sosialistkandidat er det derimot mange som styter seg p. Han vil ha innfrt borgarlnn, einstad mellom 750 til 1200 euro, kan hende behovsprvd, noko som vil koste minimum 300 milliardar euro. Det er ca 13% av BNP, det, og sidan statsgjelda no er p kring 96% av BNP, vil det fre utanlandsgjelda s hgt at EU vil mtte reagere. Ja, for i posisjon har alts PS, stikk i strid med Hollande-lfta fr valkampen i 2012 om f statsgjelda ned under 85%, berre halde p tradisjonen fr 1980-talet med auke lneopptaket. Trass i at mange konomar meiner at den relative forbetringa i produksjon og inntening burde tilsagt meir investeringar av overskot, og mindre lneopptak. 

Bjrn Kvalsvik Nicolaysen


I s fall mtte ein ha kutta monaleg i mange tenester. Hamon vil truleg ikkje, om han vert vald, ha nokon sjanse til f med seg Assemble Nationale p slike veldige konomiske utteljingar som ei borgarln vil medfre - all den tid ein ikkje lenger veit koss ein skal ha rd til sjukelnsordningane, men ogs dei enorme utgiftene til medisin (staten betalar det aller meste, og resten blir dekka av les mutualits, forsikringsordningar for fagforeiningane i ulike grupper, dermed er folk tilvande eit stort forbruk og lkjarane skriv ut resepter p mangt mange er samde om er unaudsynleg). snakke om pensjonar er vanskeleg, men nr ein lrar kan g av ved 45-rs-alderen om ho har ftt fem born til dess - reglar fr ei tid rle i old etter krigen, d det var naudsynt f opp folketalet - og ganske mange offentlege yrkesgrupper og andre pensjonerer seg i femtirsalderen, d er desse ordningane tunge bere. 


I privat verksemd er normal alder for pensjonere seg, 60 r - men i ein del hve kan ein ogs der forlate yrkeslivet tidlegare, d som oftast, likevel, med redusert pensjon. Eitt problem for seg er at sjlv om der er tre hovudomrde, for private, offentleg tilsette og kunstnarar, handverkarar og frie yrke + landbruket, s er der s uoversiktleg mange ulike pensjonsordningar, over 600 grunnpensjonsordningar, og s over 6000 sravtalemulegheiter. For offentleg tilsette er det ulike regime for dei som hyrer heime i helsevesenet og i nasjonale oppgver, medan det for fonctionnaires ikkje er same ordninga, dei fr - liksom private - pensjonen av arbeidsgjevarane sine (sleis skuleeigarar for lrarar), og heller ikkje for dei som er tilsette ved jernbanen eller andre store verksemder, som har ei sreiga ordning. Dette gjev, forutan eit stort byrkrati, store vanskar med kalkulere framtidige utgifter, og set skilje mellom grupperingane. 


Det vil ogs seie at det er store kostnader bde i offentleg lokal og regional verksemd og i privat verksemd med pensjonane, og sjlvsagt, liksom andre stader, vert dei tyngre og tyngre bere for dei ansvarshavande ettersom folk lever lengre. Dette problemet vil ikkje Hamon ta i. Heller ikkje frtidspensjonering og trygdeordningar som ogs i Frankrike blir brukte for brdf folk som mister arbeidet sitt. For gjere tiltak mot den delen av arbeidslysa som kjem av at folk vert overfldige, vil Hamon innfre ein robot-skatt, ein skatt p automatiserte verksemder; han vil kort og godt bremse effektiviseringa, ogs ut fr eit resonnement om at auka produktivitet er skadeleg for planeten. I same ande vil han gjere svre investeringar i fornybar energi, slik at det i 2025 skal vere 50% av energiforbruket i Frankrike som er fornybart. Kostnadene for slike investeringar over dei neste tte r er, naturleg nok, ikkje mogleg kalkulere eingong. 

Protestar framfor ein TV-sendt presidentdebatt tidlegare i r. Foto: Eric Feferberg/AFP

Den gjenoppstandne konservative

At Hamon s vil legalisere eutanasi og cannabis, er kan hende ikkje s sjokkerande for mange p venstresida, men det kan nok vere skremmeleg for ein del av dei konservative, Fillon-tilhengjarane sleis, ikkje minst dei mest katolske. S, dersom Franois Fillon no ramlar ut av lpet, vil nok mange konservative republikanarveljarar ha vondt for ryste p Hamon - og alts fylgje den parolen som har vore fylgd i kvart presidentval sidan 2002, d Jean-Marie Le Pen, det faderlege opphavet til Marine Le Pen, vart motkandidaten til Jacques Chirac. D heldt sosialistane seg for nasen og rysta Chirac, sidan dei hadde mista sin kandidat Lionel Jospin, og det same gjorde dei i 2007 for Nicolas Sarkozy, medan dei konservative gjorde det for Hollande i 2012. 


Fillon var den som dei fleste konservative kunne tru skulle ha framgang, ikkje minst sidan han p mange mtar trysta veljargrupper som har falle fr Republikanarane (tidlegare UMP, Union pour un Mouvement Populaire) siste ra. Han er noks ortodoks katolikk - noks uvanleg for ein fransk minister -, han har markert skepsis til bde abortlov og lova om likekjnna ekteskap, men har lova ikkje gjere noko med dei lovene, likevel vil han ikkje ha adopsjon for likekjnna par, osb. Han har tala mykje om familieverdiar, og han vil styrke familien i sosialpolitikken. Til saman har Fillon ein profil overfor det katolske som gjer at mange meiner han svik den 112 r gamle lacit-(sekularisme-)politikken, noko somme ser som velkome, men langt fleire som eit potensielt alvorleg problem nr ein vil ordne opp i alle dei nye problema ortodoksien i dei monoteistiske religionane produserer (jf elles https://broenxyz.com/2016/08/25/sekulaerstaten-frankrike/).

Det store vass-skiljet mellom tilhengjarar og motstandarar av Fillon, er kva han har lova gjere med statsadministrasjonen og arbeidslovgjevinga. Han vil fjerne 500 000 - ein halv million - stillingar i statleg verksemd, fonctionnaires. Han har jo rett i at staten har vokse til dels ukontrollert dei siste 20 ra, fr 1996 til 2016 er talet p funksjonrar (folk som er tilsette i statlege funksjonar) auka med nrare ein million (fr om lag 4,5 millionar til om lag 5,5 millionar). Det har med mange faktorar gjere; sleis at EUs kontrollregime er strengt, at sosialstaten har vokst med mengda av arbeidslause og eldre, at ein har prvd styrkje skulen med fleire stillingar, og mangt anna. Problemet er, og det meiner ogs republikanaren Alain Jupp og fleire andre der i partiet, at skal ein redusere talet p personale i staten s drastisk, s m det fyrst og fremst g ut over skulen, helsestellet og sosialomsorga, men end vil det ikkje vere nok, s det kan jamvel rke effektiviteten i skatteinndrivinga, rettsstellet og anna. Men dt er no in ting; Fillon vil ogs g laus p dei skalla privelega til statstilsette, som det er ein del av alt etter sektor, ikkje minst nr det gjeld pensjonsordningar. Alle srordningar for statstilsette skal kort og godt opphyre. Dette er sjlvsagt populrt hj alle dei som i alle r har sett skeivt til forskjellsbehandlinga, som jo ogs skriv seg fr ei tid d det var naudsynt lokke med fremoner for raskt byggje opp ein statsadministrasjon som skulle kunne svare p nye behov i etterkrigstida. 

French presidential election candidate for the right-wing Les Republicains (LR) party, Francois Fillon, attends a meeting with municipal police officers and mayors at the urban surveillance center in Athis-Mons, south of Paris, Wednesday, Feb. 8, 2017. Fillon is trying to save his presidential bid as prosecutors investigate the political jobs he gave to his wife, son and daughter. (Thomas Samson/Pool Photo via AP)
Republikanarpartiets presidentkandidat Franois Fillon. Foto: Thomas Samson/AP

Det kan vere verdt g litt inn i programmet til Fillon, for her ligg dei store stridssprsmla i fransk politikk. Han vil fylgje opp det omfattande lrlingeprogrammet sosialistregjeringa stabla p beina, for det har synt seg vanskeleg f nringslivsverksemder til ta seg av internutdanninga av lrlingar som knapt har ordentleg skulegang attom seg. Men for slike vil d Fillon fjerne diplom-kulten, han vil alts ha mindre teoretisering og eksamenar, og meir direktesttte til opplring i verksemdene - mot at sosialsttta til lrlingar vert teken bort. Han vil ta oppatt tanken fr PS-statsminister Manuel Valls (som alts no fall ut av lpet mot Elysepalasset) om forenkle oppseiingsprosedyrene der det m nedbemannast av konomiske rsaker (no er det lett f til rettssaker og sleis ope for store kompensasjonar), han vil setje maksimumsgrense p arbeidstid tillitsvalde kan f til utve sin representasjon i fagforeiningane til 50%;  han vil fjerne kjerneverdiar som tilseier at visse tal p tilsette skal ha s og s mange representantar i verksemdsleiinga. Dette for at det ikkje skal vere mogleg lse diskusjonane om kva som skal skje med stillingar, stillingskategoriar og ln. Problemet er at dermed bryt han ein av dei eldste tradisjonane for arbeidstakarmedverknad i Europa. 

Arbeidspolitikk

Fillon har elles gjort seg upopulr hj arbeidstakarar kringom ved at han vil ha slutt p 35-timars-veka og innfre forhandlingar overalt om auke av arbeidstida inntil 48 timar i veka, og det utan overtidsbetaling; han vil ha vekk ein feriedag; han vil bruke meir aktivt dei 300 000 ledige stillingane som finst i dag til hente inn arbeidsledige ? med andre ord setje krav til dei arbeidsledige om ta stillingar som dei er i stand til ta, eller miste stnad, og han vil setje tak p arbeidslysetrygda p 75% av lnna slik at arbeidsledige skal kjenne seg motiverte til kome i jobb igjen. 


Denne arbeidspolitikken er til forveksling lik den sosialisten Manuel Valls lanserte vinteren/vren 2015-2016, og som gav desse voldsomme demonstrasjonane over heile landet, med rrsla Nuit Debout (Vkenatt) i sentrum. Til sist, uti juni, var det bilbrenningar og ruteknusing og vold mot politiet og kva elles, i godt over 40 franske byar. Mange reknar med at denne reaksjonen var viktigaste grunnen til at Valls vart feid ut av dei sosialistiske veljarane under primrvalet som var nyss. Likevel kan ein seie her er litt hummer og kanari fr Fillon; han rettar skytset mot fagforeiningsrepresentasjonen, som alt er noko svekka med dei nye reglane som kom i fjor (sleis ved at sme foreiningar som gjerne kan finne p samarbeide med arbeidsgjevar, fr strre vekting om konflikt oppstr). Mellom anna dette vil nok halde ein heil del fagforeiningsfolk fr vilje halde seg for nasen nok eingong og ryste p ein konservativ kandidat. P den andre sida vil andre, bde arbeidarar og statlege funksjonrar og dei i dei liberale yrka synest dette er greitt, og s har d ogs Fillon gtt inn for at sjlvstendige nringsdrivande og frie yrke skal auke til det doble. 


Med omsyn til helsepolitikken, vil Fillon fjerne ordninga med at tredjepart, det vil seie les mutualits betalar for slikt som den statlege ordninga ikkje dekkjer heilt eller delvis, det gjeld medisin, behandling og utstyr (tannlkjarutgifter, tannproteser, briller og visse behandlingsformer som akupunktur og fysioterapi vert t.d. delvis dekka av slike fagforeinings-forsikringar dersom lkjarane innstiller p det). Her har nok Fillon rett i grunngjevinga si, nemleg at ordningane har ftt folk til tru at all medisin og det meste anna behandling skal vere gratis, og dermed legg eit sterkt press p lkjarane til forskrive medisin sjlve og tilr den og den behandlingsmten som alts kan dekkjast heilt eller delvis fr tredjepart. I 2012 var utgiftene til medikamentrefusjon i Frankrike 22,66 milliardar euro, men ein har liksom i Noreg gtt inn for erstatte originalmedikament med generiske medisinar, og har slik spart ein god del pengar, kring 830 millionar euro i 2012, og attt noko strammare styring med forskriving av alt fr antibiotika og til unaudsynlege medisinar for smplager, har utgiftene gtt ned med om lag 1% i ret. Like fullt er desse utgiftene hge, samanlikna med andre land, og Fillon vil gjerne f bort alt det som ikkje er kontrollert direkte gjennom helsevesenet, men gjennom desse fagforeiningsordningane, innan 2022. 

For menigmann og - kvinne er dette djupt symbolske storleikar, noko som ikkje berre handlar om ei kjensle av rettar, men som ogs, for kvar 50-centime og kvar einaste euro, gjev ei kjensle av kunne g til rette med staten og f sitt igjen. Eg har sjlv vore der, d eg brtt fekk trong for medisinsk hjelp i Frankrike, at eg overraska vart glad over dei mange smutgiftene som etter kvart vart refunderte. Problemet er berre at Fillon nok har rett i at akkurat denne kjensla over ta igjen overfor staten, driv medisinbruken opp og legg press p systemet, og ikkje alt folk p denne mten fr dekka inn, er sunt for dei.
Nr s Fillon gjer seg til den reinaste Bent Hie og vil leggje ned ei mengde sjukehus og samstundes rasjonalisere helsestellet i retning av sentralsjukehus og spesialiseringar, samstundes som ei sentral styring skal styrkast, s skal dette ogs medfre at ein kan redusere sttta til helseutgifter. Sleis skal sttta til medisinsk hjelp for utlendingar utan ordinr residensrett fjernast ? i 2015 var det ei utgift p 831 millionar euro. Dette er ogs ei symbolsk sak, med di det handlar om dei humanitre tilhva for utlendingar som mellom anna ventar p f avgjort asylsknader, men det er ingen som vil halde p ordninga slik ho er; bde Hamon og Macron ser ut til vilje ha reformer. Ein skal ogs vere klar over at Frankrike har eit svrt strengt asylregime; her er lge satsar for dagpengar og ingen hjelp til husvre, i motsetnad til dei temmeleg liberale ordningane i England, noko som d ogs er grunnen til at mange migrantar og asylantar som endar opp i Frankrike fr det for seg at dei m kome seg til Storbritannia. 

Politiet prver stoppe protestar i Paris i september 2016. Foto: Thomas Samson/AFP


Frankrike har ein relativt streng innvandringspolitikk, sjlv om visse nordmenn trur at alle med ikkje-kvit hudfarge er innvandrarar, s har dei kome sidan 1700-talet eller vore franske sidan fdselen, som oftast, sidan dei er fdde i franske koloniar, er etterkomarar av desse, eller er fr oversjiske franske fylke. Likevel er det s at mange, isr dei med bakgrunn fr Algerie, men ogs mange andre, jamvel deklasserte mellomklassefolk som fr levde eit noks trygt liv, er hamna i det som p fransk gjerne vert omtala som la prcarit: ein tilstand av naud. INSEE, som stort sett tilsvarar vrt SSB, rekna i 2014 med at det var minimum 5 millionar franskmenn, men truleg s mange som 8,8 millionar, som levde under fattigdomsgrensa. Om dette talet er det diskusjon, nokre vil meine at ein er for romsleg med rekne fattigdom; skal dei som bur med offentleg busttte i HLM-bustader (kommunale bustader, for omsetje omtrentleg til norsk kva det handlar om), har fjernsyn heime og sosialstnad p lgaste niv, reknast som fattige? Sjlv om ein protesterer p definisjonar som gjer at det skal reknast s mange som mest ni millionar fattige i denne nasjonen p 65,5 millionar menneske, s er det likevel slik at om ein reknar ein euro per dag per person som minste eksistensgrunnlaget, kjem ein til over 5 millionar menneske som ikkje har meir enn det. Dette er d ogs grunnlaget for diskusjonane om sosialutgifter, om borgarln og om kva ein skal gjere med den forfalne bygningsmassen mange av desse fattige lever i, noko Fillon ikkje har lysingar p. Til gjengjeld vil Fillon innfre ei kontantsttte til alle familiar p 3000 euro.

Aukande fattigdom og sosiale skilnader

Som mange ofte har peika p, s er fattigdomen og det sosiale utanforskapet i familiar der forsrgarane ikkje lenger har noko feste i arbeidslivet, ei sentral rsak til at born fell ut or skulen, ofte i tidleg alder, fr ein har avslutta det vi kallar ungdomsskule-nivet. Her er ikkje midlar til aktivitetar utanfor skulen, sleis dei mange ekskursjonane, her er vanskar for foreldra med betale for kantinematen, for klede og no for tida ogs for elektronisk utstyr. Og det er ikkje bker eller dataspel med danningsfreml som er fyrsteprioriteten nr du lurer p om du skal kjpe nudlar eller har rd til billigaste flesk-og-bnner-hermetikken. S, Fillon ser for seg ein skulereform. Sjlvsagt, slik det er vorte vanleg i vestlege samfunn drive ideologisering p ryggen av skuleborna og lrarane deira. 

Ein heimlaus mann sit p fortauet i Lyon. Foto: Philippe Desmazes/AFP


Likevel, det er eit faktum at trass i alle OECD-tiltak Frankrike er med i, og trass i at analfabetismen er driven tilbake i store delar av verda i vr tid, s er den voksande i Frankrike. Smtt i senn og isr siste par tira, vert det fleire og fleire born som ikkje kan lese og skrive s dei kan klare seg i samfunnet. Og i motsetnad til tabloide oppslag i Noreg, er dette sant i Frankrike: Fransk skriftsprk er komplisert, og det er inga bn om du ikkje rr med det, eller ogs, kan snakke eit fransk relativt fritt for slang og ugrammatikalske konstruksjonar. Utan kan du ikkje rekne med f jobb nokon stad. S, Fillon vil satse stort p dette feltet, dels inspirert av literacy-diskusjonane i OECD og meir og meir livleg kringom i Frankrike, dels kort og godt av di planane for nokoslags lrlingeintegrering i nringslivet, og f nringslivet med p dra lasset saman med staten for alle desse som treng praksisopplring, er avhengig av at folk kan skrive og lese p frehand. Liks lite som i Noreg er der lenger jobbar tilgjengelege der det ikkje er naudsynt kunne skrive og lese. Det mtte vere gatefeiar, som Frankrike enno har ein del av, men ogs dei fr instruksar og m signere rapportar.


Satsinga gr ut p starte skulen i 5-rsalderen, mot 6 r no, og sikre at av tida vert brukt til leseopplring og lesetrening. Lekser skal gjeninnfrast, ein skal sterkt utvide bruken av digitale verkty, ein skal lre meir engelsk - og s bortetter. Mange har alt peika p at lrarmangelen - ikkje minst mangelen p kvalifikasjonar til ta seg av dei pedagogiske og sosiale utfordringane mange stader, mellom lrarar som har ei jamvel for dei fleste land og irekna Noreg ei svrt gammaldags teoretisk utdanning (det er jo alltid billegast) - vil vere til hinder for desse mla Fillon har sett seg. Og at nedbemanninga i staten ikkje vil gjere saka det minste betre, tvert om. Slik sett gr Fillon beint imot ein hovudtendens dei siste 20 ra om korleis ein skal styrke skulen. Han svarar p kritikken med seie at rektorane m f strre fridom til utvise elevar som ydelegg undervisninga; det skal innskjerpast at reglane for god tferd og hvisk framferd m gjelde, og om naudsynt m ein innfre skuleuniformer for f slutt p krangelen om kleskode (som varer ved, trass i innskjerpinga av lover og reglar for skulen om dette, fr 2004). 


Korleis utvisinga av fleire elevar skal fangast opp av lrlingetiltak, eller korleis det ikkje skal gje utgifter for sosialvesenet, svarar Fillon ikkje p, heller ikkje kven som skal gjennomfre opplringa i god orden, i eit land der det ikkje er heilt uvanleg at kvinnelege lrarar utan hijab fr ein kniv i lret om dei gr forbi rette agitatoren mellom nyfrelste smjihadistar, eller homofile fr slengt syre etter seg i korridorane. Dette skjer sjlvsagt berre i srskild omrde, men langt mindre aggresjonar finst i svrt mange byar i sosialt vanskelegstilte strok. feie dette av med at det er ghettoar, er freistande. Det er elles vanskeleg svare p om der faktisk er ghettoar i Frankrike, isr etter at siste regjeringa har ftt rive forbrytarreiret La Castellane nord i Marseille (eit verk dei har ftt for lite kredit for, og mangelen p kunnskap om dei prosessane gjer at mangslags rykte skvulpar omkring i media og lmenta framleis, som meir er legendariske soger om gamle dagars gjengoppgjer, men som vert brukte som dme p kor vanskeleg religionstilstanden er i Frankrike). Svrt mange, ogs p hgresida, meiner nok at Fillon har eit sterkt overforenkla syn p kva som kan gjerast i skulen, isr med alle sparetiltaka. 


Nr det gjeld tryggingssituasjonen, er Fillon langt meir ullen; som statsminister 2007-2012 hadde han d ansvaret for feltet, men ei lang rekkje urolegheiter og isr tak p jdar og deira institusjonar s vel som jdisk eigedom, vart stande utan srlege tilsvar, heilt til Mohammed Merah i mars 2012 drap bde franske militre og jdiske born og deira lrar. (Sj elles http://www.aftenposten.no/kultur/Essay-Frankrike-romantiserte-islamismen-altfor-lenge--Bjorn-Kvalsvik-Nicolaysen-612452b.html). Det vart noks klrt at her var det eit stort hol i Frankrikes tryggingsverk; fienden p innsida var ikkje tilstrekkjeleg pakta eller teken hand om, fr det var gtt for langt - noko ein jo har sett i ra etterp, og som etterfylgjarane til Sarkozy og Fillon fekk stri med. Men som tilsvar til denne situasjonen, meiner Fillon no at to prosent av BNP br g til forsvaret. 
Som ein vil forst, har Fillon eit heilt system, som for ein stor del heng saman, men i visse omrde ikkje (isr utdanningspolitikken og bustadspolitikken), der han balanserer innsparing av utgifter opp mot det han reknar som naudsynte nye satsingar. Eg har sjlvsagt ikkje nemnt alle sider ved politikken hans, men det er noks openberrt at det er Fillons resonnement om ein meir konservativ, initiativfremjande stat (der han vil ta formuesskatten bort, sleis), som utgjer dreiepunktet i ordskiftet. Og som fylgjeleg Hamon, Macron og Le Pen har sttt oppimot p ulike mtar. 

Image-samanbrotet

Fillon kom som ei stor overrasking inn i fransk politikk igjen, han vart kalla Le Revenant, den gjenoppstandne, d han brtt vart vald til republikansk presidentkandidat. I valkampen har han framsttt som Monsieur Honorable, den som skulle gjeninnfre rlegdom, sparsemd og ordentleg framferd i politikken. Berre s synd for honom - og kanskje for alle franske diskusjonar frametter ei tid ? at han s vart avslrt for ha betalt kona Penelope over mange r store summar for arbeid ho ikkje har utfrt for honom i Nasjonalforsamlinga, og sluttvederlag nr desse jobbane har opphyrt, dessutan borna sine for juridisk arbeid han har psttt vere naudsynt for arbeidet den tid han sat i Senatet, men dei var d vitterleg ikkje advokatar enno, berre studentar, og det i heilt andre felt enn dei to sakene han fekk tekne opp i Senatet, der han mest ikkje mtte. 


Desse har han bede franskmennene om orsaking for, alt medan han seier at synda hans er at han skulle vore meir open, men at dei omtala jobbane ikkje var falske, men naudsynte. Vel, s kom det fram at han utan klr grunn har ftt pengar av det hemmelege fondet til Republikanarane, som elles kan vere oppbygd under Sarkozy p ulovleg bruk av offentlege midlar som ut fr feilaktige opplysningar var lyvde til frre presidentvalkampen? Kan hende gr det verst med den underskinga som no ogs vert sett i verk omkring konsulentfirmaet hans, 2F Conseil, der det har vore samrre mellom firma som kan ha pverka politikken hans, politiske vener som har site i styret for firmaet, men aller mest mistenkeleg: Oppdrag for austeuropeiske og ogs russiske verksemder og organ. Dette er rett nok svrt kompliserte tilhve og vanskeleg for lmenta skjne seg p, men det kastar skuggar over to tilhve: Fillons venskaplege - ja, personleg venskaplege - tilhve til Putin og nskjet hans om f nrare samarbeid med Russland p eine sida, og p hi sida motviljen hans mot EU og litt dlgde merknader om fri seg fr EUs overherredme. 

Den sosialliberale kandidaten

I s mte er den andre store overraskinga i denne valkampen, Emmanuel Macron, derimot klinkande klr: Ein m halde fast p tilknytninga til EU og utvikle den, og elles er han klrare enn Fillon p kva som skal vernast om av synet p fransk nasjonalitet, der han held fast p den tradisjonelle republikanske ius soli, alts tanken om at fransk nasjonalitet kan veljast ut fr visse vilkr og tilknytning til franske legale prinsipp. P alle andre omrde er han ikkje srs klr; rett nok stig han jamt og samt p meiningsmlingane, men ingen er heilt trygge p kva han faktisk nskjer gjennomfre av politikk. Det skal fyrst kunngjerast 3. mars. 


Mange meiner sleis at den tidlegare finansministeren Macron, som hadde medansvar for arbeidslivspolitikken til Valls, no prver profittere p ein ?lunken? politikk. Slik kan han framst som den moderate overfor arbeidslovene medan han var i regjering; ein fekk ikkje utvida arbeidstida fr 35 timar, utanom at ein kan framforhandle 39 timar i veka mot vanleg betaling, men ikkje overtid. Mange andre freslegne tiltak gjekk ikkje igjennom. No seier Macron at han kan tenkje seg mjuke opp 35-timars-regelen for dei yngre, medan dei eldre m kunne g ned i 30-32 timar. Dette vil i praksis seie at kabalen m leggjast p nytt i heilt nye forhandlingar om arbeidstid. 


Med omsyn til skulen, vil Macron fjerne fellesregimet og innfre strre autonomi, noko mange meiner vil medfre store skilnader, og slett ikkje svarar p dei store utfordringane skulen str overfor, med frfall, mangel p evne til leve opp til OECDs krav om kompetanseauke i grunnleggjande ferdigheiter. Men frestellinga om valfridom er dermed sett ut til allmenn debatt, og det fr mange til tenkje at ein i alle hve regionalt kan f strre mynde til skape ein meir adekvat skulepolitikk. Macron vil konsentrere framtidige innsatsar innafor prioriterte omrde, det vil seie at ein m gjere srskilt innsats i omrde der dei sosiale problema er store. Han vil ta ibruk den forskinga som finst p omrdet, noko som har vore mangelvare i mangt av det som har hendt omkring skulen i fransk politikk. Elles vil han reformere vidaregandeutdanninga, s den vert meir uavhengig av tradisjonelle harde teoretiske prver, men f meir samordna nasjonale prver og avgangsprver, og frre av dei, tilliks med andre OECD-land. Elles vil Macron, for kompensere for det som manglar og vil mtte mangle av felleskapskjensle eller deltakarforsting i skulen, gje dei unge under 18 eit offentleg kulturpass, med tilgang til kulturopplevingar - dette tenkjer han som ei samfinansiering mellom staten og IT-verksemdene, utan at det er klart om industrien vil vere med p dette lftet. 


For tryggingspolitikken seier Macron at han vil opprette 10 000 statlege politistillingar innan dei frste tre ra av den femrige presidentperioden er gtt. Dette skal vere med p gjeninnsetje den statlege autoriteten. Det kan nok vere trong for noko slikt, for den sosiale uroa har ikkje minka omkring ? overvakingspolitiet har hatt si fulle hyre med avverge copy cats av alle slag, isr mellom ungdommar, i planlegginga av smaksjonar p eiga hand for fylgje opp dei mange terrortaka Frankrike har opplevd. 


Det store problemet i s mte er at absolutt ingen av dei nemnde kandidatane har prvd lage nokon sosialpolitikk som kunne demme opp for det rekrutteringsarbeidet wahhabittiske imamar og koranskulelrarar driv, saman med andre grupper av jihadistiske agitatorar, kringom i defavoriserte strok, og til dels ogs i bydelar med heilt alminneleg mellomklasse, der det likevel p grunn av frykta for arbeidslyse, deklassering og ei vanskeleg framtid fleire stader er relativ stor rekruttering av konvertittar til ein islam(isme) mange ungdomar korkje forstr eller meiner dei treng forst -  dei melder seg inn i ein falanks av anti-fransk samfunnskritikk, der prinsippa korkje er klre eller diskuterbare i strre grad. 


Fremonen Macron har med sin lunkne middelposisjon, er at han tek seg retten til diskutere islamismen-  i viss grad. Han gir kritikarar av venstresida rett i at sosialistane har vore feige i desse diskusjonane, og at noko av grunnen er at dei har oppfatta islamismen som ei rrsle dei kunne innlemme i eit sosialistisk elektorat, til erstatning for bortfallet av ein stttande arbeidarklasse (jamfr elles filosofen Pascal Bruckner, som nett har gjeve ut bok der han prver demontere omgrepet om ein islamofobi


P den andre sida fyer Macron seg likevel inn i det overordna tabuet i Frankrike mot diskutere nokre viktige grunnar til at landet har opna seg for jihadistisk terrorisme, nemleg tilhvet til Maghreb-regionen, og mangelen p omsorg for dei gruppene som er vortne franske, og som har bakgrunn i Algerie. Fransk utanrikspolitikk er slett ikkje noko tema i denne valkampen, med unnatak av tilhvet til EU og i nokon monn Russland. Men alle dei vanskar som har oppsttt ved at Frankrike ikkje har nokon offisiell politikk overfor Maghreb (eller Nord-Afrika) anna enn balansere i motsetningane mellom landa der, og knapt nok erkjenner at der finst noko mange vil rekne som nykolonialisme (dei fleste av mine fransk-norske og norsk-franske vener vil verte irriterte berre ved at eg nemner det i det heile), alt dette er tabu og kan ikkje nemnast. 


Bortsett fr av Marine Le Pen og politikarane til Nasjonalfronten, Front National (FN). Der figurerer draumane om Frankrikes gamle Syden. Le sdisme franais, seier historikaren Benjamin Stora - ein av Frankrikes fremste forskarar p Algeries historie - er dyrkinga av den tida franskmenn hadde villaer med tenarskap i nordlege Afrika, der ein kunne fare og gjere kva ein ville, stort sett, og der Frankrike alltid garanterte frirom og fritaum for franskmenn (Benjamin Stora og Alexis Jenni: Les mmoires dangereuses. De l?Algrie coloniale la France d'aujourd'hui. Dei farlege minna. Fr kolonitidas Algerie til dagens Frankrike). 

Offentlege tabu og ytringsklima

Om vi skulle omtala eit ytringsklima i Frankrike, s er dette yttergrensene eller kuldefronten i eit slikt ytringsklima. Desse grensene regulerer svrt mykje av fransk politisk ordskifte, og gjer ogs at mangt av det som handlar om sosialpolitikk, arbeidspolitikk, bustadpolitikk og innvandringspolitikk, er avgjort av alt det som ikkje kan omtalast direkte. Her prver Macron vere meir eksplisitt enn det som har vore vanleg. Men av same grunn m han ogs bryte den uskrivne regelen bde p venstre- og hgresida om ikkje omtale FN og Le Pen. Denne taktikken har franske politikarar fr tradisjonelle parti praktisert mest sidan 1970-talet, og ingen kan pst den har vore vellukka, men den vert likevel praktisert. No tilhyrer Macron korkje hgre- eller venstresida, seier han, men har laga si eiga rrsle -  og her skal alts rrsle oppfattast bokstavleg, den heiter En Marche!-  Undervegs! og organiserer marsjar kringom i heile Frankrike. Litt etter mnster av dei vellukka aksjonane til den feministiske muslimske gruppa Ni putes, ni soumises (Korkje horer eller underordna), leia av Fadela Amara fr tidleg 2000-tal av (ho vart statssekretr for Fillon, d sosialistpartiet ikkje ville bruke henne til noko og snarare kom det hard kritikk fr venstresida om splittingsforsk mellom progressive muslimar osb.). Avvisinga av hgre/venstre-aksene og tilvisinga til ein liberal posisjon som m gjenreisast i Frankrike, gjer ogs at Macron er plent nydd til ta fatt i posisjonane til FN. Det har han vunne framgang p, truleg. 


Det vert sagt at Marine Le Pen har avdiabolisert FN, med di ho fekk kasta ut faren, Jean-Marie Le Pen, for rasistiske og isr anti-semittiske kommentarar og Holocaust-fornekting, det siste er strengt forbode i Frankrike. Dei fleste observatrar og analytikarar reknar dette tiltaket og alle erklringar i s mte som noks utvendige i hve til den reelle politikken. Ein sg d under regionalvala i 2015 at FN mange stader gjorde valforbund med partigrupperingar som under alle betraktningsmtar m reknast som halvnazistiske eller i det minste sterkt rasistiske. Slike grupper er pussig nok ikkje forbodne i Frankrike, det er kva dei mtte finne p ytre som er underlagt juridisk vurdering. I regionalvalsprosessen synte valkampen 2015 ei sterk dreiing av politisk retorikk i retning av framandfrykt og ogs, tonar som tidlegare aldri hyrdest i opne fora, nemleg lengten etter fransk stordomstid. Jamvel innvandrarsonen Nicolas Sarkozy la seg tett opp til denne retorikken og jamvel overbaud den, der han reiste omkring for dverande UMP-partiet, til sterk kritikk fr Alain Jupp, borgarmeister i Bordeaux, med stor del av dei innvandrarane FN s sterkt manar til frykt mot. Eitt viktig problem med at denne retorikken fekk setje seg i 2015, er at det legitimerer kombinasjonen av visse islamske gruppers jdehets med ekstremhgres antisemittisme - noko som d ogs har vore medverkande til rekruttering til FN av ein del muslimar. Er dei islamistar, dei muslimane som hamnar i FN? Det er mange usikre p, og fleire forskarar evar seg p g djupt inn i det mrke omlandet til Nasjonalfrontens alliansepartnarar. 


Marine Le Pens politiske univers er bygd opp kring den klassiske triaden for kva for krefter som m nedkjempast: Landet er dekadent og vert ydelagd av indre krefter; dei skuldige er kjende og er for FN ein veik stat, eit overstyrande EU og innvandrarane, isr muslimane; arbeidarar og dei eigenlege franskmennene er undertrykte og m f oppreising. Og helten i denne soga er sjlvsagt det sterke mennesket som skal berge alle fr undergangen, alts Marine Le Pen, det sterke partiet FN, og dessutan sterke framtidige alliansepartnarar utanlands, den dagen Le Pen vert president, men dei er utanfor EU, liksom Frankrike d vil vere det: Vladimir Putin, for det fyrste, ei tid var Nigel Farage og Ukip svrt aktuell, og i det siste Donald Trump. 


Det kan skrivast og er blitt skrive mange bker om kvifor den lepenske framandfrykt-maninga er relativ fiktiv, og dessutan fornektar fransk historie. Talet p lovlege immigrantar er om lag 12 millionar, der 65 prosent eller s er 2. generasjons. Av alle er 45% komne fr europeiske land. 30% er fr Maghreb-omrdet (Marokko, Algerie, Libya, Tunisia), og 25% fr andre delar av verda, og d i fyrste rekkje tidlegare franske koloniar. Mellom innvandrarar og franske med tre generasjonar bak seg i landet, reknar forskarane maksimalt fem millionar muslimar (og ikkje meir enn 6,5 millionar, som FN-politikarar seier nr dei prver vere etterrettelege, men talar gjerne om 12 millionar nr dei er uetterrettelege). Forskarane reknar ogs med at berre halvparten av desse, alts 2,5 millionar, er praktiserande muslimar. Overvakingspolitiet reknar med at av desse igjen finst der maksimalt 4000 islamistar med legning til vilje dyrke jihad, men s er det noko uklrt kor mange som er pietistiske jihadistar og berre vil vere reine sjlve, og kven som er viljuge til g til krig mot dei vantru. Den siste gruppa har nok vore i auke siste ra, ikkje minst gjennom aktiv og aggressiv rekruttering fr ulike agentgrupper eller entreprenrar (som Petter Nesser kallar dei), men ogs p grunn av det mrke nettet og anna Internett-basert rekruttering. 


Likevel er det alts ikkje noko reelt grunnlag for frykte det som Michel Houellebecq har skrive roman om for to r sidan, Soumission (Underkasting): At den franske staten skal overtakast av muslimar og det skal veljast ein muslimsk president. Derimot er dette skremslebiletet noks naudsynt for Le Pen og hennar folk, og ikkje knytt til nokonslags litterr satire eller fabulering i god gammal fransk litterr tradisjon. Biletet av at franskmenn vert nedrent av utlendingar, er der som ein pendant til biletet av den rotne, ubrukelege og degraderte franske staten. At Fillon no er komen ut kyre og Monsieur Honorable er blitt Monsieur Deshonorable, passa Marine Le Pen svrt godt ? isr sidan ho sjlv er under etterforsking for misbruk av EU-midlar til avlnning av funksjonrar i FN, som ingenting hadde gjere med Europaparlamentet sine funksjonar. Dessutan har ho, slik Sarkozy gjorde, ftt forfalska underbilag for tildeling av valkampmidlar i 2012 og 2015, noko som ogs vert etterforska. S ho kan ikkje godt bruke Fillons moralske fall til s mykje, men held seg i den saka totalt tagal og sit noks roleg nr franskmenns indignasjon over dei gamle, velkjende politikarane veks. 

Kvifor Le Pen ikkje kan vinne - denne gong

Det tener ho p. Men ho tener ikkje p at Macron ser ut til verte hovudmotstandaren i valkampen, og kan kome til vere motparten hennar i andre valomgang. For konomen Macron dundrar som den einaste av kandidatane mot Le Pens syn p euroen og EU. Le Pen vil ha ein sterk, proteksjonistisk stat som kan tene p inflasjonen, ved at ein kan devaluere den franske franc?en samstundes som ein innnfrer store tollsatsar mot utplassering av industrielle oppgver i andre land (jf Trump og Mexico), og dermed vert eksportindustrien favorisert. Men Macron meiner kunne pvise at g ut av euroen ville vere katastrofalt for konomien. Le Pen vil nemleg at den franske statsbanken som sjlvstendig, skal trykke opp sjlv det som manglar for fylle opp budsjettet, som no snart er p underskot i hve til BNP. Men dermed vil ein gjere oppatt dei feil som har vore gjort fleire gonger sidan revolusjonen, og inflasjonen vil ruinere bde einskildarbeidstakarar og verksemder. Proteksjonismen vil dessutan fre til ein handelskrig som Frankrike ikkje er i stand til tene p, med den industrielle status landet har i dag. Macron ser det snarare sleis at Le Pens EU-kritikk og euro-syn ikkje berre er forfeila, men er med p gjere EU-partnarane skeptiske til at der er verkeleg vilje i det franske folket til rette opp budsjetta. 


Det er mykje snakk i Noreg om den europeiske populismen, der figurerer ofte Marine Le Pen, dels som skrekkbilete, dels som lovande ryttar p populre bylgjer. Populisme er eigentleg ikkje noko fransk omgrep. Le peuple er uansett den suverene aktr, som regjeringa skal g ut fr, det er den republikanske og demokratiske tradisjonen. At korrupsjonen florerer og smutthola i alle lover vert utnytta der det er mogleg, har sjlvsagt undergrave mykje av tilliten til systemet. S langt har FN tent jamt og samt p misnyen med slike tilstandar, like sidan 1970-ra. At leiarane for partiet har tedd seg heilt likt med fleirtalet av politikarar, og har skaffa seg casseroles (fremoner) liksom andre, er s ei sak som ofte vert oversedd ? just av di det er s heilt vanleg. 
No, likevel, gr det fre seg ein stor vegvalsdebatt, der ogs dei av oss kalla hgrepopulistane er tvungne til gjere greie for kva det er for overordna mlsettingar dei vil setje fram. Valet av Fillon fr Republikanarane, same koss det no gr med kandidaturet hans og same om nokon reservekandidat kan hende m steppe inn, om det vert rettssaker mot honom; valet av Hamon fr PS; framkomsten av sosialliberalaren Macron - for ikkje rekne forvirringa mellom nasjonalfrontarane sidan dei ikkje utan vidare berre kan hamre laus p establishment med alle desse uventa figurane p frontscenen - alt dette definerer kanskje fransk politikk p nytt. Alt dette kan ogs over tid frametter gje nokre andre lysingar bde innanrikspolitisk og utanrikspolitisk, der ein kan vone at vokstergrunnlaget som har vore s godt lagt til rette i fleire tir, for jihadisme p fransk jord, s vel som Frankrikes noks odise aktivitetar i andre land, fr Madagaskar til Sentral-Afrika, kan endrast. Nr folk har teke til snakke ope om at javel, grunnen til at Sarkozy fekk s mange nasjonar til bombe Libya og vere med p drepe Gaddhafi og familien hans, det var at Sarkozy kanskje ikkje ville st til ansvars for den ulovlege gjelda han tok opp i Libya for ha pengar til valkampen sin i 2007, ja, d er landet kome langt i retning av bryte dei tabu som til no har hengt tungt over bde offisiell tale i lmenta s vel som mumlande bistroytringar over vinglasa. 


Det er ein reell sjanse for at tilsaman vil dei nemnde aktrane faktisk framprovosere ein friskare vind, eit djupare andedrag, ei klrare luft, nr berre valkampen er tilendefrt. 

 

NB: Bloggen er oppdatert med ferske tal for Front National p meiningsmlingane.


 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar