hits

Kor mange einsame gamle sit ikkje med ein svart skjerm?

kommentarer
senior woman and remote control
Bildet er en illustrasjon.


Licensed from: cynoclub / yayimages.com

Av bekymret sønn*

Kvar annan dag køyrer eg tur-retur 5 mil til ho mor. Ho treng hjelp med så mykje i sitt 86. år. Etter å ha arbeidt eit heilt liv med å fostre opp 4 ungar og å ta vare på ein sjuk ektemann,sit ho att med minstepensjon.

Mor håpar å vinne det store loddet. Ein gong i månaden køyrer vi til nærbutikken. Ho går inn med to 5 vekers kuponger ho har fyllt ut. Ein Vikinglotto og ein vanleg Lotto. Stundom sender ho med meg 20 kroner for å kjøpe to griseflaxlodd.

«Bare vi kunne ha lykka med oss en gang» er mantraet til mor. «Du kunne få byttet den gamle dieselbilen din. Vi trengte ikke spare så mye strøm. Kanskje vi kunne reist et sted.»  Uføretrygda, som eg snart har vore i 20 år, drøymer eg meg bort saman med mor.Det er gratis å drøyme.

I går kom ho bort i feil knapp på fjernkontrollen og tv-ruta gjekk i svart. 

Les også: Legger ned de mest populære sykehjemmene

«Fikk ikke sett tekst-tv med tipperesultatene på kvelden» fortel ho med det same eg kjem inn døra. Nei,tenkjer eg, kor mange einsame gamle sit ikkje med ein svart skjerm fordi dei ikkje klarer fylgje med på teknologisamfunnet? Kor mange lar vera å ringe Riks-TV fordi dei ikkje forstår dataterminologien, eller har dårleg høyrsel og for at alt går for fort for dei.      

Mor klagar på at tv-lisensen er blitt så dyr «NRK sender bare sport hele dagen», seier ho i mørketida. Men mor har jo «Sex in the city», «Friends» og «The Kardashians» som  alternativ.

Les også: Her lager superkokkene mat for de eldre på sykehjem

Mor likar fylgje med på kva som skjer i verda. Dårleg høyrsel gjer det vanskeleg å forstå kva dei seier på nyheitene, ho held seg heller oppdatert ved å sjå på tekst-tv.  Det er berre NRK som har  tilbod om tekst-tv no. Først forsvann tekst-tv på TV3 og no slutta TV2 .

«Hvorfor det», spør mor meg. Eg svarar at dei skal spare og at folk må kjøpe seg datamaskin og skaffe seg internett. For mor som knapt kan hanskast med tv apparatet, er den teknologien heilt utenkjeleg at ho skal meistre. Ho hadde ikkje hatt råd til det heller, om så var.

Ho mistar så mykje på den siste biten av vegen mor. Utbetalingsslippen med minstepensjonen henner ligg på nett no, den som før kom i postkassa. Mor som likar å fylgje med og ha overblikket over inn og utbetalingar. 

Eg skal heimover. Mor følgjer meg bort til bilen. «Du behøver ikke komme så ofte» seier ho, «dieselen er blitt så dyr»   

Ho er så redd for å vera til bry at det gjer vondt. Ho har slik omsut for meg, vil så gjerne gje meg noko.

«Kanskje vinner vi i kveld» smiler ho der ho står.  

Ja,sikkert i kveld, smiler eg attende.            

 

*Nettavisen kjenner skribentens identitet.