hits

Norske klimamål: Til skade eller gagn?

kommentarer
Nord-Torpa 20160801.En skogsbilvei gjennom en skog i Nord-Torpa i Nordre Land.Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Av Trygve Refsdal, naturviter med erfaring fra tropisk og nordisk skogbruk

«Hvor udgangspunktet er galest, blir tidt resultatet originalest» skriv Henrik Ibsen i Peer Gynt. Kan orda brukast om dagens norske klimamål?

Ja, eg trur det. Vårt klimarekneskap er ufullstendig. Her manglar mykje: - Norsk skog fangar og lagrar store mengder karbon frå lufta, i jord og skog, men det er ikkje verdsett. Vasskrafta får stundom ein verdi, andre tider ikkje. Og rekneskapet gjeld berre våre utslepp av klimagassar, andre viktige klimapådriv manglar.

Kyoto-avtalen frå 1990 galdt norske utslepp av 50 millionar tonn CO2-ekvivalentar per år. - Norsk skog stod då for eit netto opptak på 20-25 millionar tonn. Vasskrafta gav ei energimengd på 120 TWh. Det ville gjeve utslepp på 33-45 millionar tonn CO2 om det var produsert i gass- eller kolkraftverk. - Store tal. Lat oss sjå nærare på dei.

Innlegget ble først publisert i Dag og Tid.

Det at så mykje «står utanfor» gjev oss kreativ bokføring. Både el-kraft og skog kan nyttast til å pynta på våre Kyoto-tal. - Her er to eksempel:

Når me brukar el-kraft til å produsera lettmetall for eksport sparar det energi og utslepp globalt. Men for oss har det ingen Kyoto-verdi. Ved nedlegging av slik industri får me frigjort el-kraft, og ho kan då brukast til elektrifisering av oljeinstallasjonar på norsk sokkel. Då vert krafta synleg i vårt klimarekneskap, av di ho erstattar gass. Noreg står då fram som ein klimavinnar. Det kostar milliardar, men gjev det ein reell CO2-vinst?

Les også: Klimakampen: 18 år med fiasko er nok

Innlegget fortsetter under bildet. 

Trygve Refsdal

Om me høgg meir skog for å produsera biodrivstoff får me óg ein vinst i Kyoto. 

- Ein rapport til Klimakur 2020, frå Statens vegvesen, Avinor, SSB og andre, fortel at bruk av biodrivstoff kan minska dei årlege utsleppa i norsk samferdsel med opptil 7,7 million tonn CO2 fram mot år 2030.

- Men: Om norsk skog skal levera råstoffet til dette, må uttaket der aukast så mykje at karbonlageret vil minska år for år. Om det skjer, tapar me dagens netto opptak på 26 million tonn CO2 per år. Minst.

Les også: Er vi bilister spedalske i deres øyne?

Ein vinst på 7,7 og eit tap på 26 går ikkje saman. Det ville ha auka dei norske tilskota av CO2 til atmosfæren dramatisk, og det ville ha kosta milliardar. Like vel kallar mange dette eit «grønt skifte».

I si tid skreiv miljøguruen Barry Commoner om ressursbruk, som ei åtvaring: «There is no such Thing as a free Lunch!»  Denne åtvaringa gjeld framleis, både for el-kraft og skog. Her er ingen gratis lunch! - Men offisielle dokument fortel oss at i vår politikk kan me sjå bort frå vasskrafta sin verdi og CO2-opptaka i skog:

I mandatet for Klimakur 2020 heiter det: «All elektrisitet er antatt å ha null utslipp av CO2 i beregningene.» 

Les også: Hvem krysser av for flest klimatiltak?

Lavutslippsutvalget skriv om skog: «... tilveksten i boreale skoger bør holdes utenfor klimaregnskapet.»  - I deira rapport er ordet «fotosyntese»  berre nemnt ei gong, då knytt til teknikk. (Etter at utvalet skreiv sin rapport har norsk skog, med fotosyntesen, stått for netto fangst og lagring av over 200 millionar tonn CO2.)

Kvifor så store hol? Vel, Kyoto-avtalen høver spesielt dårleg for Noreg, med store naturressursar og mykje fornyeleg energi. Den står for 66% av samla energibruk i Noreg, mot berre 14% i Tyskland, etter femten års Energiewende. (I fylgje BPs Statistical Review 2015.) Me har stor import og reiser jorda rundt, utsleppa frå det tel ikkje med.

Avtalen er einsidig. All fokus er på tekniske utslepp av drivhusgassar. Her er ingenting om dei viktige diffuse opptaka og utsleppa, som i jord og skog. - Og den ser bort frå andre viktige klimapådriv, som jorda si refleksjonsevne. Når eit landskap vert mørkare, med lågare albedo, så kan det gje eit større varmepådriv per kvadratmeter enn det ei dobling av CO2-innhald i lufta gjev. Dei siste femti åra har Noreg blitt mørkare, med ei kraftig tilgroing. Dette skuldast, mellom anna, mindre beiting og meir CO2 i lufta.

Så til dagens klimatiltak: Eit framlegg no er å minska dyrehaldet - sau, kyr og geit - det skal minska utsleppa av metan. Men med færre beitedyr aukar tilgroinga, og det fangar opp meir varme. - Beiting kan gje meir refleksjon frå eit areal. Det skuldast dels trakket av dyra og dels sjølve beitinga; - ei «lodden» flate fangar opp meir varme enn der det er mykje trakk. Steinar og svaberg, ofte med høg refleksjon, kjem meir til syne. Kva gjev sterkast varmepådriv her, meir metan eller mindre refleksjon? Her er ingen enkle svar. Det er ein laus påstand når vår klimaminister seier at ein biff tilsvarar sju liter bensin.

I dagens «klimatiltak» ser me berre drivhusgassar. Det er for enkelt. Enkel er også den grøne retorikken som pregar debatten, og som så altfor mange forfører seg sjølve med.

Her er politiske utspel som er fulle av hybris. Høgre vil arbeida for transport utan utslepp. Partileiaren i Venstre vil at flya skal gå på biodrivstoff. SAS og Avinor kjem med liknande utspel. Dei går ikkje nærare inn på kor mykje biomasse som trengs til dette, og kva det gjer med vekt og rekkevidde ved bruk av drivstoff med låg energitettleik. (Jet fuel gjev 9,4 kWh per liter, bioetanol 6,1 kWh per liter.) Dei strør om seg med grøne slagord. Men har dei kunnskap om det dei snakkar om?

Kva kan så gjerast for å få ein betre norsk klimapolitikk? Eit fyrste steg må vel vera å få arbeidt ut eit meir realistisk klimarekneskap. Då ville me få færre slike meiningslause utspel.