Kjære seteslusk - skammer du deg ikke?

Eg må kanskje øve meg på å be om å få plass, men eg synes at dette burde vera sjølvsagt.


Av: Cathrine Nitter, oppgitt busspassasjer


Innlegget ble først publisert i Bergens Tidende

Kjære seteslusk, du som har tatt to seter på kystbussen - eitt til deg og eitt til veska di. Du har til og med sett deg på det ytste sete, slik at veska di får utsikt ut vindauget og du er garantert at ingen tør å setja seg ved sida av deg. Det står klart og tydeleg i panna di når eg beskjeden går gjennom busskorridoren for å finne meg eit sete: her skal ingen sitja!

Eg blir flau og skammar meg litt på dine vegne. Tykkjer du at dette er greitt? Skammar du deg ikkje sjølve? Bussen er jo nesten full, og du har kapra to sete-eitt til deg og eitt til ei lita veske som ikkje hadde trengt eit eige sete. Du er heller ikkje større enn at du treng eitt sete. Hadde du, på grunn av storleiken din, måtte hatt to sete hadde eg forstått.

Eg får lyst til å spørje deg om du har betalt for to sete. Kvifor skal vi andre i bussen sitja trongt oppi kvarandre og du tillate deg å ikkje lyfta så mykje som ein finger når rekkene bak deg fyljast opp til randen? Kvifor kan du tillata deg slik oppførsel? Mest av alt lura eg på om du eigentleg synast at dette er litt flaut sjølve, eller om du tykker det er heilt greitt?

Les også: Kjære bilister - vi kan ikke kjøre fortere

Eg tør ikkje ta opp kampen, kjære seteslusk. Og når eg irritert sett meg på setet bak den bakoverlente stolryggen din med ein stor mann ved sida av meg (som heller burde hatt to sete for seg sjølve), prøver eg å godskriva oppførselen din ved å tenkje at det kanskje er fordi du har sosial angst, frykt for andre menneske, kanskje er du deprimert, kanskje har du akkurat mista nokon du var glad i, kanskje du er lei av jobben din, eller har ein dårleg periode.

I mitt stille sinn prøver eg å gjera opp for den egoistiske væremåten din, men konkluderer gong på gong med at du ikkje har meir rett på to sete enn meg- eller alle andre som sit på bussen.

Innlegget fortsetter under bildet. 

Illustrasjonsfoto: Paul Weaver/Nettavisen

Les også: Den norske gentlemannen er død

Eg prøver å smila til deg, stoppa litt opp ved setet ditt for å sjå om det mogleg gjer at du flyttar veska di. Tilbake får eg eit guffent blikk som fortel meg at «du får leite ein annan stad». Eg må kanskje øve meg på å be om å få plass, men eg synes at dette burde vera sjølvsagt.

Når bussen ikkje er full av passasjerar, skal du sjølvsagt få ha dei to setene for deg sjølve- eg skal ikkje nekte deg det. Men dei gongane bussen nærast er stappfull av menneske, og du framleis sit å rugar på to sete synes eg du skal flytte den teite veska di, og gi andre plass.

hits